Rediger

Vellyka vervedag

Kategori: Medlemsaktivitetar

Det blei ein vellyka vervedag med stand i Volda sentrum laurdag 13.okt. 

Vervedagen til Hjelpekorpset var heldige med været, og fekk nyte sola heile dagen. Alle som deltok var nøgde og hadde det fint i sola og fekk møte mykje folk som kom innom standen ved Cubus. Vi hadde stilt ut alt vi kunne finne av utstyr, og det nye teltet blei brukt som hovudbase for førstehjelpsdemonstrasjon.

Vi hadde også ein kiosk som selde vafler, pølser og kake, og bålpanne var sett ut så gjestane kunne grille pølser eller pinnebrød. Så fort vaflelukta spreidde seg, kom folk strøymande jamt til kiosken. Båten fekk vi også vist fram.

Nede ved flyndra hadde vi ein del gjestar som fekk prøve å kaste ei kasteline på blink i hamnebassenget. Mange trefte slik vi fekk delt ut litt premiar. Nokre ville også ut å prøve søk i båten. Endre og Sindre tok med seg nokre ungar på tur i hamnebassenget så ungane fekk sjå sparkesyklar og anna liggande i bassenget. På grunn av været var forholda perfekte for å halde på ute på vatnet og sikta ned på botnen var upåklageleg.

Ambulansen, ein brannbil og politiet tok også turen til sentrum for å vise seg fram. Inntrykket mitt var at spesielt brannbilen var ekstra spanande for ungane, men alle fekk vist fram både bil og utstyr til alle. Tusen takk for at dei tok turen ned.

Det viktigaste til slutt, nemleg Volda Røde Kors Hjelpekorps Quiz. Vi hadde 28 innleverte svar, og 6 premiar til utdeling. Nokre spørsmål virka spesielt vanskelege, og dei omhandla aldersgrense for å ta båtførarprøve, som er 14 år, og kor lang båten kan vere dersom du ikkje har båtførarprøva. Båten kan då vere 8 meter. Det som eg trur nesten alle greidde å svare rett på er kva som er høgre og venstre av styrbord og babord. Høgre er styrbord og venstre er babord. I alle fall var det nokre som svarte riktig og fekk vere med i trekninga av premiane. Dei som vann premie var:

1. Olve D. Mork - Flytevest frå G-Sport

2. Marita Dalebø - Sekk og gensar frå Sparebanken Møre

3. Per Kristian Holm - Sekk og gensar frå Sparebanken Møre

4. Helle D. Mork - Sekk med innhald frå Sparebank 1 Volda

5. Paul Ivar Vatne - Gåvekort frå Ringo på 100,-

6. Sigurd Meek Aaslid - Gåvekort på Ringo på 100,-

 

Tusen takk til alle som hjalp til på Vervedagen til Hjelpekorpset i år, og takk til alle som støtta oss med premiar.

Ekstra informasjon