Korleis er vegen mot å bli hjelpekorpsar? Her kan du lese om korleis prossesen er etter at du har meldt deg som frivillig.
Etter at du har meldt deg som frivillig, eller møtt oss på ein korpskveld (sjekk terminlista) så er vegen vidare enkel. Du kan melde deg inn i facebookgruppa vår og deretter startar grunnutdanninga. Grunnutdanninga er delt opp i 4 kurs som du må ta for å bli godkjent hjelpekorpsar. Desse er:
Dette er Røde Kors Hjelpekorps
Kvalifisert samband (KSAM)
Kvalifisert søk og redning (KSOR)
Kvalifisert førstehjelp (KFØR)
Når du har bestått desse kursa så må du ta ei prøve for å bevise at du er klar for å stå på alarmplanen. Denne heiter Hjelpekorpsprøva. Alle kursa og prøva arrangerar vi lokalt anten i Volda eller ein annan plass på Søre Sunnmøre. Dette føregår 1-2 gongar i året.
Så... Kva ventar du eigentleg på? Klikk nedanfor for å melde deg som frivillig!