Tenester

Volda Røde Kors Hjelpekorps yt fleire forskjellige tenester. I tillegg til å vere ein del av den frivillige redningstenesta i Noreg tilbyr vi blant anna førstehjelpskurs, sanitetsvakter

Fyrstehjelpskurs

Hjelpekorpset har fleire dyktige instruktørar innanfor førstehjelpsfaget. Instruktørane har lang fartstid innanfor fyrstehjelp og kurshalding. Vi tilbyr kurs for blant anna bedrifter, organisasjonar og privatpersonar. Kursa har forskjellig lengd og innhald, så her er det berre å ta kontakt for å få eit tilbud!

Sanitetsvakter

Treng ditt arrangement kvalifiserte fyrstehjelparar? Alle i hjelpekorpset er kvalifiserte fyrstehjelparar og vi stiller gjerne som sanitetspersonell på ditt arrangement, anten det er på sjøen, på fjellet eller i sentrum. Vi har fleire års erfaring som sanitetspersonell på ulike arrangement i området og kan gjerne stille på ditt arrangement! Ta kontakt for eit tilbud!

Andre tenester

Har du behov for ei teneste ytt av hjelpekorpset, men som ikkje fell under kategoriane kurs eller sanitetsvakt? Då kan du ta kontakt her, så skal vi hjelpe deg å finne ei løysing. Anten det gjeld kjøp av fyrstehjelpsutstyr, leige av lokale eller kva som helst. Ta kontakt så skal vi prøve å finne ei løysning!